Rektor, Vågsetra skole

Vi på Vågsetra var heftig begeistra over kurset. Det var så bra at vi fikk med alle assistentar og fagarbeidarar, at alle fikk høyre det same foredraget.

Kurset var forankra i teori på ein veldig god og lettfatteleg måte. Det var krydra med historier frå eit skoleliv, og måten det vart lagt fram på ga meining for alle som hørte på.

I ettertid så har vi nyttiggjort oss mykje som vi henta frå det kurset. Eksempel er at ein hjerne som kokar forstår ikke norsk. Det har gitt både lærarar og fagarbeid støtte til å berre halde rundt og roe ned til det verste har lagt seg. Ut frå den teorien vi fikk verkar det som mange er langt flinkare til presise observasjonar, då tenker eg på toleransevindauget. No er det slik at det sjeldan er nok med berre ein runde med teori og påfyll, vi skulle gjerne hatt fleire rundar. Men så var det økonomien…

Det var nok vel ambisiøst å kjøre eit så omfattande kurs på ei ettermiddagøkt. Om nokon tilfeldigvis spør meg, så vil eg tilrå dagskurs med god tid til eigne refleksjonar.